fredag 14. desember 2012

Sudan 3 Port Sudan-Dilling-Kassala

fiskar i Khartoum viser fram fangsten

smilande ungdomar utanfor hotellet mitt i Khartoum

Den kvite og blå Nilen møtes i Khartoum

Fekk avlyst dykketur i Rødehavet, i Egypt for 1 mnd sidan pga store bølger.
Port Sudan er den største havnebyen i Sudan, og der er det eitt dykkarfirma som arrangerer dagsturar i Rødehavet. Ved Sha'ab Rumi, som korallrevet heiter, kryr det med hai, barracuda og manta ray. Men pga vind og overskya var sikten i vatnet dårleg, og eg skimta berre ein hai og ein ray. Men eg var inne i Conshelf II, der franskmannen Jacques Cousteau hadde berømte undervannseksperiment.
på veg mot dykking nord for Port Sudan


dykking i Rødehavet nord for Port Sudan

Dette er eit dykkarparadis, men eg hadde området heilt for meg sjølv. Det var 50 min. med taxi nordover ubebygd kyst til ein nybygd resort (utan kundar). Det fantes ikkje transport i retur, så taxi venta 6t på meg mens eg vart frakta utover 1t med lettbåt, for 2 dykk.


frokost på åpen kafe i Khartoum. Sjokomjølk og zalabia
festivitas i El Obeid
Det kan vera lett å identifisera den jevne sudaneser med styresmaktene her, etter den massive negativ omtalen av Sudan i media. Tar med eit par episodar som er representative for korleis det er å vera på besøk i landet.

El Obeid med musikk og moro i gatene
Dilling. Bussar til Darfur
Den søvnige småbyen Dilling ligg i grensetraktene mellom det muslimske nord, og det kristne sør-Sudan. Her var harde kampar for få år sidan, men no er det fredelig. Her ligg støvet som ein grå dis som gradvis går over i blå himmel. På veg opp til ein fjelltopp med flott utsikt over byen, traff eg 4 eldre karar. Den eine baud meg stolen sin, dei ville konversera. Neste dag skjedde akkurat det same. Då eg reiste meg og gjekk, fekk eg beskjed om at dei sat alltid der, og dei var alltid klare for å prata.

Dilling. Grashopper på tilbud
Naboen min på hostellet i Dilling var reggae-frelst, men spelte også ein lokal artist som heiter Abdel Karim el Kabli. Eg bad han skriva ned navnet på arabisk, og han føyde til tittel på 1. og 2. albumet. Fekk beskjed om å kjøpa dei. Tilbake i Khartoum viste eg lappen til ein kar som stod ved eit bord full av cd'ar på fortauet. Det viste seg at han var der for å snakka med kompisen, som eigde sjappa. Han fortalde at desse 2 albuma ikkje fanst på cd, kun på kassett. Han tok meg med på ein fleire km lang spasertur frå eine boden til den andre til me hadde fått tak i begge to kassettane. Han følgde meg så til hotellet, skreiv ned tlf.nr. sitt, og sa eg måtte ringa om eg trengte meir hjelp. Eit smil og eit håndtrykk, så snudde han og gjekk sin veg.

Denne karen var opprinneleg frå Darfur, budde no i Khartoum, men ville prøva å komma seg til Kenya dersom han klarte å spara nok pengar. Regjeringa i Sudan var han som ventande var ikkje så fornøgd med.
 



Kassala. På veg til toppen av Takafjella


på toppen av Takafjella

busstasjonen i Kassala. te og falafel til frokost




Sudan 2 Dongola - Khartoum



Sudan er største landet i Afrika, ca 8 ganger Norge. Heile nord-Sudan er flat ørken, bortsett frå smal stripe langs Nilen som er dyrka. Mao. ubegrensa tilgang på grusbaner. I landsbyane er det uorganisert fotballsparking nærmast over alt. Eg og to engelskmenn fekk spela med ein gjeng like ved hostellet vårt i Dongola. Det var spel mot eit mål, akkurat som i guttedagane. Me avtalte med dei lokale å møtast att kl 17.30 neste dag. Då stilte det opp nok folk til å spela på full bane, pluss 20 tilskuarar. Ein og annan rickshaw(motorsykkeltaxi) sikksakka seg mellom spelarane for å ta snarveg. Kl 19 begynte bønneropa, så då var det over og ut med fotball.

spel mot eitt mål i Dongola
Går no rundt med stort skrubbsår på høgre kne, også det akkurat som i guttedagane. 


Tamam? spør dei heile tida her. (alt bra? okay?)

Den største turistattraksjonen i Sudan er pyramidene i Meroe, ca 300 km nordaust for Khartoum. Kom frå Karima, og hadde planlagt å få med solnedgangen. I tillegg til dei vanlege forsinkelsane fekk bussjåføren problemer i ein av dei mange politikontrollane, og vart bøtelagd. I følge ein passasjer pga at han kjørte med halvfull buss. Alle passasjerane spleisa på bota.




Meroe
Det var mørkt då eg vart satt av bussen ved grusveg som førte opp til pyramidane, ca 2 km ute i ørkenen. Såg silhuettane mot himmelen, følgde eit gjerde, og kom gjennom port til forlatt billettkontor. Framfor var det ein støypt platting stor nok til å rulla ut liggeunderlag. Låg i ly for nattebrisen som held myggen vekke, og trengte ikkje sovepose i tropenatta.
Meroe

I soloppgangen såg eg ca 30 pyramider. og rester etter ca 70 til. Dei 2t eg gjekk rundt, pluss 2t til for å venta på haik borti hovedvegen, kom det ingen andre besøkjande. Litt av ein kontrast mot vrimmelen rundt pyramidane i Egypt.

Fekk haik med 2 hyggelege selgjarar til Khartoum. Like før hovedstaden svinga dei inn til ein kafeteria og spanderte middag og kaffi. Prøvde å betala for turen, men det vart blankt avvist. Kulturen for gjestfrihet er veldig sterk her.

fekk haik til Khartoum, og vart påspandert middag på vegen
Fantastisk lett og fin stemning her i Sudan. Mens eg venta på haik stoppa ein kar med hest og kjerre og slo av ein prat. Trailersjåførar som passerte i motsatt retning blinka, tuta, veiva og smilte.
 

Sudan 1 Aswan - Dongola

Luxor tempel, Egypt, med sfinxaveny

på ei øy i Nilen ved Aswan, Egypt

båttur på Nilen ved Aswan, Egypt




Sikra meg visum til Sudan i Kairo, og satte meg på bussen sørover til Luxor, og deretter Aswan. Herifrå tok eg ferje til Wadi Halfa i Sudan. Stappfullt overalt, låg i sovepose på dekk (akkurat som Fiji dette, Bjørn). Inkludert venting tok turen 26t. Stjerneklar himmel avløyste ein brennande raud solnedgang. Kom fort i samtale med dei nærmaste, munter stemning heile vegen. Turen gjekk over ein svær kunstig innsjø i Nilen, Nassersjøen.
god stemning på båten sjølv om dekket var pakka med folk og gods
dekket på båten fullt av folk og bagasje i god tid før avgang. Litt søvn vart det likevel

Kaotisk ilandstigning i Wadi Halfa. Gjennom passkontroll på båten med massevis av skjema. Deretter skulle masse gods i land med handemakt før det var klar bane for passasjerar.

Båten legg til kai Wadi Halfa
Fekk sitja på ein bruskasse i midtgangen på ekspressbuss på veg til hovedstaden Khartoum, 1000 km vekke. Eg skulle berre 150 km til naermaste landsby. Dit var det ingen transport den dagen, men det var berre 3 km frå hovedvegen.

Denne vesle landsbyen, Abri, hadde berre ein overnattingsmulighet. 18 kr natta tilseier at det ikkje er den heilt store komforten. Strømmen i landsbyen er slått av så lenge det er dagslys.

Flott parti av Nilen ved Abri
Skulle vidare neste dag, og betalte for minibuss til neste landsby om morgonen. Etter å ha venta 2 t, sa sjåfoeren "bukra", og gjekk sin veg. Eg vart sitjande nok ein halv time, til ein annan kom og sa "tomorrow".

Stemninga i landsbyen var fredfyllt, alle helste og smilte. Om kvelden samlast dei på terasse utanfor tehus. Det var der dei hadde satelitt-TV, og eg fekk den beste plassen. Hest og kjerre i gatene, og fuglekvitter på "hotellrommet", med feltseng på golv av sand. Kun 50 m ned til ein flott strekning av Nilen, med sanddyner på andre sida.
El Fagr hotell i Abri, Sudan. Rommet mitt (utan straum)
kafé i Abri, frokosten snart klar

Folket her i nord-Sudan, Nuba-folket, er svært godlynte og gjestfrie. Dei pratar i veg. "No arabic", seier eg. "No english", seier dei og gliser. Men eg har lært at "bukra" betyr "i morgon".
Straffekonk i Dongola

Er no i landsbyen Dongola. I går fekk eg konstatert at eg har hol i lomma, og er for tida utan mobil