fredag 14. desember 2012

Sudan 3 Port Sudan-Dilling-Kassala

fiskar i Khartoum viser fram fangsten

smilande ungdomar utanfor hotellet mitt i Khartoum

Den kvite og blå Nilen møtes i Khartoum

Fekk avlyst dykketur i Rødehavet, i Egypt for 1 mnd sidan pga store bølger.
Port Sudan er den største havnebyen i Sudan, og der er det eitt dykkarfirma som arrangerer dagsturar i Rødehavet. Ved Sha'ab Rumi, som korallrevet heiter, kryr det med hai, barracuda og manta ray. Men pga vind og overskya var sikten i vatnet dårleg, og eg skimta berre ein hai og ein ray. Men eg var inne i Conshelf II, der franskmannen Jacques Cousteau hadde berømte undervannseksperiment.
på veg mot dykking nord for Port Sudan


dykking i Rødehavet nord for Port Sudan

Dette er eit dykkarparadis, men eg hadde området heilt for meg sjølv. Det var 50 min. med taxi nordover ubebygd kyst til ein nybygd resort (utan kundar). Det fantes ikkje transport i retur, så taxi venta 6t på meg mens eg vart frakta utover 1t med lettbåt, for 2 dykk.


frokost på åpen kafe i Khartoum. Sjokomjølk og zalabia
festivitas i El Obeid
Det kan vera lett å identifisera den jevne sudaneser med styresmaktene her, etter den massive negativ omtalen av Sudan i media. Tar med eit par episodar som er representative for korleis det er å vera på besøk i landet.

El Obeid med musikk og moro i gatene
Dilling. Bussar til Darfur
Den søvnige småbyen Dilling ligg i grensetraktene mellom det muslimske nord, og det kristne sør-Sudan. Her var harde kampar for få år sidan, men no er det fredelig. Her ligg støvet som ein grå dis som gradvis går over i blå himmel. På veg opp til ein fjelltopp med flott utsikt over byen, traff eg 4 eldre karar. Den eine baud meg stolen sin, dei ville konversera. Neste dag skjedde akkurat det same. Då eg reiste meg og gjekk, fekk eg beskjed om at dei sat alltid der, og dei var alltid klare for å prata.

Dilling. Grashopper på tilbud
Naboen min på hostellet i Dilling var reggae-frelst, men spelte også ein lokal artist som heiter Abdel Karim el Kabli. Eg bad han skriva ned navnet på arabisk, og han føyde til tittel på 1. og 2. albumet. Fekk beskjed om å kjøpa dei. Tilbake i Khartoum viste eg lappen til ein kar som stod ved eit bord full av cd'ar på fortauet. Det viste seg at han var der for å snakka med kompisen, som eigde sjappa. Han fortalde at desse 2 albuma ikkje fanst på cd, kun på kassett. Han tok meg med på ein fleire km lang spasertur frå eine boden til den andre til me hadde fått tak i begge to kassettane. Han følgde meg så til hotellet, skreiv ned tlf.nr. sitt, og sa eg måtte ringa om eg trengte meir hjelp. Eit smil og eit håndtrykk, så snudde han og gjekk sin veg.

Denne karen var opprinneleg frå Darfur, budde no i Khartoum, men ville prøva å komma seg til Kenya dersom han klarte å spara nok pengar. Regjeringa i Sudan var han som ventande var ikkje så fornøgd med.
 



Kassala. På veg til toppen av Takafjella


på toppen av Takafjella

busstasjonen i Kassala. te og falafel til frokost




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar