 |
| Luxor tempel, Egypt, med sfinxaveny |
 |
| på ei øy i Nilen ved Aswan, Egypt |
 |
| båttur på Nilen ved Aswan, Egypt |
Sikra meg visum til Sudan i Kairo, og satte meg på
bussen sørover til Luxor, og deretter Aswan. Herifrå tok eg ferje til Wadi
Halfa i Sudan. Stappfullt overalt, låg i sovepose på dekk (akkurat som Fiji
dette, Bjørn). Inkludert venting tok turen 26t. Stjerneklar himmel avløyste ein
brennande raud solnedgang. Kom fort i samtale med dei nærmaste, munter stemning
heile vegen. Turen gjekk over ein svær kunstig innsjø i Nilen, Nassersjøen.
 |
| god stemning på båten sjølv om dekket var pakka med folk og gods |
 |
| dekket på båten fullt av folk og bagasje i god tid før avgang. Litt søvn vart det likevel |
Kaotisk ilandstigning i Wadi Halfa. Gjennom
passkontroll på båten med massevis av skjema. Deretter skulle masse gods i land
med handemakt før det var klar bane for passasjerar.
 |
| Båten legg til kai Wadi Halfa |
Fekk sitja på ein bruskasse i midtgangen på
ekspressbuss på veg til hovedstaden Khartoum, 1000 km vekke. Eg skulle berre
150 km til naermaste landsby. Dit var det ingen transport den dagen, men det
var berre 3 km frå hovedvegen.
Denne vesle landsbyen, Abri, hadde berre ein
overnattingsmulighet. 18 kr natta tilseier at det ikkje er den heilt store
komforten. Strømmen i landsbyen er slått av så lenge det er dagslys.
 |
| Flott parti av Nilen ved Abri |
Skulle vidare neste dag, og betalte for minibuss til
neste landsby om morgonen. Etter å ha venta 2 t, sa sjåfoeren
"bukra", og gjekk sin veg. Eg vart sitjande nok ein halv time, til
ein annan kom og sa "tomorrow".
Stemninga i landsbyen var fredfyllt, alle helste og
smilte. Om kvelden samlast dei på terasse utanfor tehus. Det var der dei hadde
satelitt-TV, og eg fekk den beste plassen. Hest og kjerre i gatene, og
fuglekvitter på "hotellrommet", med feltseng på golv av sand. Kun 50
m ned til ein flott strekning av Nilen, med sanddyner på andre sida.
 |
| El Fagr hotell i Abri, Sudan. Rommet mitt (utan straum) |
 |
| kafé i Abri, frokosten snart klar |
Folket her i nord-Sudan, Nuba-folket, er svært
godlynte og gjestfrie. Dei pratar i veg. "No arabic", seier eg.
"No english", seier dei og gliser. Men eg har lært at
"bukra" betyr "i morgon".
 |
| Straffekonk i Dongola |
Er no i landsbyen Dongola. I går fekk eg
konstatert at eg har hol i lomma, og er for tida utan mobil
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar