fredag 14. desember 2012

Sudan 2 Dongola - Khartoum



Sudan er største landet i Afrika, ca 8 ganger Norge. Heile nord-Sudan er flat ørken, bortsett frå smal stripe langs Nilen som er dyrka. Mao. ubegrensa tilgang på grusbaner. I landsbyane er det uorganisert fotballsparking nærmast over alt. Eg og to engelskmenn fekk spela med ein gjeng like ved hostellet vårt i Dongola. Det var spel mot eit mål, akkurat som i guttedagane. Me avtalte med dei lokale å møtast att kl 17.30 neste dag. Då stilte det opp nok folk til å spela på full bane, pluss 20 tilskuarar. Ein og annan rickshaw(motorsykkeltaxi) sikksakka seg mellom spelarane for å ta snarveg. Kl 19 begynte bønneropa, så då var det over og ut med fotball.

spel mot eitt mål i Dongola
Går no rundt med stort skrubbsår på høgre kne, også det akkurat som i guttedagane. 


Tamam? spør dei heile tida her. (alt bra? okay?)

Den største turistattraksjonen i Sudan er pyramidene i Meroe, ca 300 km nordaust for Khartoum. Kom frå Karima, og hadde planlagt å få med solnedgangen. I tillegg til dei vanlege forsinkelsane fekk bussjåføren problemer i ein av dei mange politikontrollane, og vart bøtelagd. I følge ein passasjer pga at han kjørte med halvfull buss. Alle passasjerane spleisa på bota.




Meroe
Det var mørkt då eg vart satt av bussen ved grusveg som førte opp til pyramidane, ca 2 km ute i ørkenen. Såg silhuettane mot himmelen, følgde eit gjerde, og kom gjennom port til forlatt billettkontor. Framfor var det ein støypt platting stor nok til å rulla ut liggeunderlag. Låg i ly for nattebrisen som held myggen vekke, og trengte ikkje sovepose i tropenatta.
Meroe

I soloppgangen såg eg ca 30 pyramider. og rester etter ca 70 til. Dei 2t eg gjekk rundt, pluss 2t til for å venta på haik borti hovedvegen, kom det ingen andre besøkjande. Litt av ein kontrast mot vrimmelen rundt pyramidane i Egypt.

Fekk haik med 2 hyggelege selgjarar til Khartoum. Like før hovedstaden svinga dei inn til ein kafeteria og spanderte middag og kaffi. Prøvde å betala for turen, men det vart blankt avvist. Kulturen for gjestfrihet er veldig sterk her.

fekk haik til Khartoum, og vart påspandert middag på vegen
Fantastisk lett og fin stemning her i Sudan. Mens eg venta på haik stoppa ein kar med hest og kjerre og slo av ein prat. Trailersjåførar som passerte i motsatt retning blinka, tuta, veiva og smilte.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar